Skikkelig tynne, myke, gode sunnmørslefser.

Jeg har en kusine på Sunnmøre som har gitt meg en fantastisk lefseoppskrift, og latt meg dele den på bloggen.

Disse har jeg bakt flere år nå,
og i dag skal jeg bake lefser til min far.
Da må jeg huske å smøre dem godt,
for han er av typen som liker MYE klining på lefsene!

Sunnmørslefser.

Jeg har brukt 1/4 av denne oppskriften, (ca 8 lefser)
Som ga disse mål:
2,5 dl h-melk
37 g melange
1/4 ts bakepulver
1/4 ts hjortesalt
1/2 ss sukker 
ca 400 g hvetemel + mer til utbaking.

Smurning: 250 g smør, 2,5 dl fint sukker, 0,75 dl fløte

(I orginaloppskriften skal de smøres med soft….
jeg mener at sånne gode lefser fortjener skikkelig smør!!) 

Men her skal du få hele oppskriften og fremgangsmåten,
som jeg fikk den av min kusine,
så kan du selv bestemme hvor stor oppskrift du vil lage.
Tusen takk for en nydelig god oppskrift Tove:)
LEFSER ca 34 stk, 46 cm i diameter ferdig utkjevla

Lunk 1 l H-mjølk medan 150 g melange smeltar.

Bland 2 sps sukker, 1 ts bakepulver, 1 ts hjortesalt og ca 1,6 kg kveitemjøl (resten av pakken går med til utbaking) godt med henda før du blandar forsiktig i væska så vidt deiga held saman. Veg opp kvart emne til ca 85 g  og form dei til bollar. Legg dei på ei trefjøl og dekk dei med eit klede og så plast over. Emna kan kvile ei stund. Har hendt at dei har stått over natta.

Baking av lefser. Du må ha klar fuktige klutar til å ha mellom kvart av ferdigbaka lefser. (Eg brukar gamle bomullslaken som er rivne i passe store stykke, vaska i maskin og sentrifugert på 800 omdreiingar).

Klapp ut emna med henda med litt mjøl, ca 10 stk i gongen. Dekk dei no også med plast. Set takka på fullt, seinare 8-9.

Eg brukar å bake lefsene ut på sirklar som eg har klipt til av ein gammal voksduk- bakar på baksida- sirklane er 46 cm i diameter slik lefsene vert. Kjevlet er av typa med hakkar.

Bakar lefsene ut med mjøl over og under. Bakar på same side heile tida. Ofte må eg ha på meir mjøl under.
Bruk steikepinne når du løftar lefsene frå voksunderlaget og over på steiketakka.

Steik lefsene på begge sider. Legg dei i stabel med fuktig klede over og under. Kvar gong ei lefse har fått fuktig klede over seg, legg du også press på lefsene (Eg har ei stor rund treplate).

KLINING AV LEFSENE

SMURNING: 1 kg soft, (jeg bruker smør her!!) 4 koppar sukker (helst engelsk raffinade). Rør kvitt til sukkeret er oppløyst. Rør i 3 dl kremfløyte til slutt.

Forsiktig når du tek vekk dei våte klutane så du ikkje øydelegg lefsene (Det er i grunnen dette som er vanskeleg, å ha passe fuktige lefser). Smør først eit tynt lag på heile lefsa, brett inn frå alle kantane og smør på dei innbretta kantane også før du brettar lefsene til rektangel. Eg legg då kvar lefse direkte i plastpose og legg matpapir mellom kvar lefse. Det beste er å bruke ei tett tupperware boks (eller ei anna avlang ei).

Etter smaking, er det lurt å ha lefsene rett i frysaren. Det er vanleg  å dele kvar lefse i 6 stk når dei skal serverast. I lag med søst er dette lettvint og god kaffimat. (Kan godt ha lefserestar i kjøleskapet nokre dagar, men viktig at dei er pakka i tett plast for dei tørkar fort og då smakar dei som papir..)

#sunnmørslefser #tynne #oppskrift #jul #lefser #gode #julelefser #takk #takkemegtil #sunnmøre #myke #enkle #raske

Please follow and like us:
error

4 hendelser på “Skikkelig tynne, myke, gode sunnmørslefser.”

    1. Ja jeg bruker steketakke. Siden de skal kjevles så tynt tror jeg nesten det er nødvendig… Spennende om du hadde fått de til glutenfrie!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.